Framsida
Meny
Kontakt oss
Adresse
Kvinnherad Undervannsklubb
Telefon
41767935
E-post
r-tunge@online.no
Org.Nr
948770504
Web annsvarlig
admin@motordeler.com
Linker

Lover for Kvinnherad Undervannsklubb

 
Revidert 05.09.1975



 
 

Lover for

Kvinnherad Undervannsklubb

Bankforb.: Sparebank 1, Kvinnherad, kto.nr. 3460.05.00440


 

Kvinnherad Undervannsklubb er stifta i Uskedalen 8. Mars 1966 og består av medlemmer som er opptekne i samsvar med desse lover.

 

§ 1 Klubbens føremål er:

a) å samla dykkarinteresserte i kommunen og fremja dykkarsportens interesse.

b) å halda medlemmene à jour med utviklinga innan dykkinga på dei vitskaplege, tekniske og sportslige område.

 

§ 2 Laget er tilslutta Noregs Idrettsforbund gjennom Hordaland Idrettskrets og dei særforbund som lagets årsmøte gjer vedtak om å slutta seg til.

 
 

§3 Medlemmer.

Einkvar som innordnar seg lagets og overordna idrettsmyndighets lover kan takast opp som medlemmer. Søknad om opptak i klubben skal sendas formannen. Styret tek avgjerda om opptak. Eit medlem kan ikkje takast opp dersom plikter overfor eit anna lag ikkje er oppfylt. (ref NIF lov §39) Kvar og eit medlem skal overhalda Noregs Idrettsforbund og dens organisasjonar, dertil lagets lover og bestemmingar. Medlemmer som dykkar med pressluft skal ha gjennomgodt sportsdykkarkurs. Medlemmer skal fylgja gjeldande sikkerhets forskrifter og framvisa lækjarattest ein gong pr. År.

 

§ 4 Kontingentar

Årskontigenten vert betalt forskotsvis, og storleiken vert avgjort av årsmøtet. Nye medlemmer pliktar å betale ein startkontingent som til ei kvar tid vert fastsett av årsmøtet. Medlemmer som skuldar kontingent for meir ein eit år missar sine rettighetar, og kan av styret strykast av laget. Vert eit medlem stroke or laget, kan det ikkje takast opp att før skuldig kontingent og andre pliktingar er ordna.

 
 

§ 5 Årsmøte

         Årsmøtet vert halde kvart år i Januar md., og vert innkalla med minst 3 vekers varsel. Årsmøtet handsamar:

         1. Årsmelding

         2. Rekneskap i revidert stand

         3. Framlegg som er komme inn.  

         4. Val: a: Val av formann og 4 styremedlem med varamenn

                    b: Val av 2 stk. Revisorar med varamenn

                    c:Val av representant til dei ting i dei idrettsorganisasjonar laget

                     er tilslutta i samsvar med desse organisasjonars bestemmelesar.   

Alle val føregår skriftleg dersom det føreligg meir ein eit framlegg. Valgbare er berre stemmeberettige medlemmer i klubben. Styret vert vald for ein periode på 2 år. Mins to av n1edlemmene i det føregåande styret skal verta sitjande. Dette vert første gong avgjort ved loddtrekning. Når eit val føregår enkeltvis, og ein kandidat ikkje oppnår fleirtal (d.v.s. minst ei stemme meir ein enn halvparten av dei avgitte stemmene) vert det bunde omval mellom dei to kandidatane som har oppnådd flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, vert valet avgjort ved loddtrekking. Når fleir skal veljast ved ei avstemming, må alle for å verta anset valt, ha meir ein halvparten av dei avgitte stemmene. Dersom ikkje tilstrekkelige kandidatar har oppnådd dette i første omgang, ansar ein dei velde som har fått meir ein halvparten av dei avgitte stemmene. Det vert så føreteke bunde omval mellom dei øvrige kandidatane, og etter denne avstemming ansar ein at dei er valde som har fått flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, vert valet avgjord ved loddtrekking. Årsmøtet er vedtaksføre med dei antal stemmeføre medlemmer som møter. Blanke stemmer tel ikkje, og ein ansar dei som ikkje avgitte. Framlegg må vera sendt til styret seinast 8 dagar før årsmøtet. I alle saker skal vedtaka for å vera gyldige vera fatta med fleirtal av dei avgitte stemmer når ikkje anna er bestemt i lova. Dei vedtak som blir gjort må vera i samsvar med overordna idrettsorganisasjonars lover og bestemmingar.

                

§ 6 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinære årsmøte når styret bestemmer det eller 1/3 del av dei stemmeføre medlemmer krev det. Det vert kunngjort på same måte som ved ordinert årsmøte, og vert innkalla med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte kan bare handsama den eller dei saker kravet om ekstraordinært årsmøte omfattar og som er kunngjort i innkallinga.

 

§ 7 Medlemsmøte

         Medlemsmøte vert halde når styret finn det turvande.

 
 

§ 8 Styret

         Laget vert leia av eit styre på 5 medlemmer. Formann, nestformann, sekretær, kasserar og eit styremedlem (arbeidsutval), samt forman i kvar av dei grupper laget har oppretta. For å vera vedtaksføre må eit f1eirtal av arbeidsutvalet eller styret vera møtt fram.

 

§ 9 Arbeidet i Styret.

l. Formannen har den daglege leiinga av laget, Han skal anvisa alle utbetalingar. Han leiar styret sine drøftingar og laget sine møter dersom anna ikkje er fastsett. Han skal passa på at val, adresseforandringar 0.1. som har interesse for krets og forbund vert meldt. Forman må saman med kasserar og revisor send inn oppgåve over lagets medlemmer pr. l. januar til overordna instansar.

2. Nestformann fungerar som formann i hans fråver.

3. Sekretær skal føre protokoll over alle styremøte og årsmøte. Han skal i samråd med formann føra lagets korrespondanse. Han skal dessutan vera lagets arkivar.

4. Kasseraren fører lagets rekneskap og medlemslistene. Lagets midlar vert sett inn i bank, eller vert plassert på ein anna forsvarleg måte, og kan ikkje takast ut utan fungerande formann og kasserars underskrift. Styret vedtek kor stor sum kasseraren til ei kvar tid kan ha i kassa. Underkasserar kan veljast dersom det er trong for det.

5. Revisor skal gjennomgå rekneskapen etter kvart viktig arrangement, og minst ein gong kvart kvartal kontrollerer han kassa og minst 2 gonger om året kontrollerer han at verdipapir og andre eigedelar er tilstades. Kvar revisjon og kassakontroll fører han inn i revisjonsprotokollen med nødvendige merknader. Protokollane vert lagt fram for styret så snart råd er.

6. Styret oppnemnar materialforvaltar og utarbeidar instruks for han.

 

§ 10 Alle saker som vedgår Kvinnherad Undervannsklubb, korrespondanse e.l. utad, skal berre gjerast av styret i klubben.

 
 

§ 11 Klubben syter for å skriva ut sertifikat for gjennomgått dykkekurs dersom det er arrangert i klubben sin regi.

 

§ 12 Klubbvåpenet, Kvinnherads eldste stikkvåpen frå 1620, skal vera i formannen si forvalting. Ved eventuell oppløysing av klubben, eller om årsmøtet gjer vedtak om å avhenda våpenet, skal våpenet tilbakeleverast til donator eller overførast til lokal oldsamling.

 

§ 13 Lovendring

         Endring av denne lov kan berre verta gjort på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, etter å ha vore oppført på sakslista og krev 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte. §14 kan ikkje endrast.

 

§ 14 Oppløysing

         Oppløysing av laget kan berre vedtakast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal etter at framlegget på førehand er sett opp på sakliste som er tilsendt medlemmene minst 14 dagar før møtet. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, vert eit ekstraordinært årsmøte helde l md. seinare, og for at laget skal oppløysast, må vedtaket her gjentakast med 2/3 f1eirta1. Samanslutning med andre lag anser ein ikkje som oppløysing av laget. Vedtak om samanslutning og nødvendig lovendring i samsvar med det, vert fatta i samsvar med lagslovenes bestemmelsar om lovendringar. I tilfelle oppløysing tilfell lagets eigneluter Noregs Idrettsforbund eller formål godkjend av idrettstyret.

 

11.01.1998

§4 Kontingentar (punkt l - nye medlemmer)

         Passusen ”Nye medlemmer pliktar å betala ein start kontingent som til ei kvar tid vert fastsett av årsmøtet”. Etter at den enkelte medlem sjølv skaffa sitt private dykkar utstyr har ikkje klubben kravt startkontingent av nye medlemmer.

 
 
 
  Tilbake

 
Sponsorer
Dynamiske websider: iDrift AS